Åpning av Voss Golfbaner

26. april 2019   |   Tilbake til Voss Golfklubb

Dette innlegget er forfattet av Voss Golfklubb, ikke TeeOff.no. Kontakt klubben direkte for mer informasjon.

Det er med stor glede vi kan informera alle som klør i fingrane etter å komma i gang med golfsesongen om at golfbanen åpnar for spel fredag 26.april kl.1500, og GolfBox er nå åpen for bestilling av starttid!?️‍♂️

Greenane kom friske og fine fram når snøen smelta, og Frode og ein ivrig dugnadsgjeng har stått på for å hjelpa veksten vidare i gang, slik at me no har ein bane som kan åpna tidligare enn på fleire år. Sjølv om det sjølvsagt er tidlig i sesongen, så grønast det for kvar dag som går, og greenane er allerede no betre enn dei har vore på veldig lenge!?

For å vera med på å feira sesongåpningen så kjem også Skydive Voss, som har sesongåpning samme helg, med innhopp på banen lørdag 27.april kl.1800. Banen vert då stengt for dagen, men me håpar mange golfarar blir igjen på banen, kosar seg med kanskje like spektakulære landinger som sist dei var her, og kosar seg på terrassen med lett mat og god drikke frå åpen kafe!??

Pro shop og kafe er også åpent i forbindelse med åpningen på fredag, samt kl.1100 til kl.1500 på lørdag og søndag. Klubbhuset er frå no av åpent frå kl.0700 til kl.2100 kvar dag for kjøp av snacks og drikke, polettar til driving range, og registrering i GolfBox.?️‍♀️

Vi gler oss stort til å komma i gang, håpar at de nyt synet av bileta frå banen i dag like mykje som oss, og ynskjer alle medlemmer og gjestespelarar hjertelig velkommen til vår flotte golfbane!⛳️